Fitjar kulturskule og Fitjar folkebibliotek vil saman vitja alle barnehagane i Fitjar i løpet av ei veke. Eit samarbeid som ser ut til å vere eineståande for Fitjar.

– I alle fall er ikkje dette noko me har starta med fordi me har sett det andre plassar, fortel Kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen og bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen, som er saman om dette.

Fitjarposten var med då dei vitja spente ungar i Fjellheim Friluftsbarnehage tidlegare i dag.>

Silje las og synte lysbilete frå den kritikarroste biletboka «Gorm er en snill orm» av Camilla Kuhn, medan Anne Lene krydra det heile med spennande fløytespel.

Og borna?

Dei sat som klistra ( om ein då ser bort ifrå dei aller minste).

Reint dramatisk vart det òg då den snille ormen synte seg å ikkje vere så snill likevel. Tilsynelatande redda han ei mus frå å bli eten av ein katt. Ho fekk jamvel vere med ormen heim, og til og med liggje i gjestesenga, men…

Vel slutten kan vel nokon tenkje seg til. Om ikkje får ein låne boka.

Eit flott og spennande opplegg, og eit like spennande samarbeid, spør du oss.