Mostraspelet har hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra, og spelet i år var etter vårt syn eit av dei aller beste.

Mykje av grunnen til det er at spelet har blitt tydelegare. Regissør Svein Tindberg har gjort ein kjempejobb med å byggje spelet ut slik at både kontrastane mellom gamal og ny tru, og kjærleikssoga mellom Torolv frå Grindheim og Vigdis Håsteinsdotter, er blitt sterkare.

Så gjer òg Sigurd Sele og Christine Gulbrandsen ein glitrande jobb, i desse rollene. Christine Gulbrandsen kan tydelegvis meir enn å syngja. Flotte prestasjonar var det òg i dei andre rollene.

Slektsskapen mellom dette spelet og vårt eige «Kongen med gullhjelmen» er heller ikkje så vanskeleg å få auge på. Både i tematikk, språk, figurar og språklege vendingar, kjenner me att Johannes Heggland si hand.

I det nydelege vêret var det mange som fekk med seg «Kristkongane på Moster» i år. Fullt i amfiet var det på begge førestillingane i går, og nesten på den første i dag.

Mellom publikum var det òg fitjarbuar å sjå, og fitjarelevar var på plass på skuleførestillinga, fredag. Gode tilbakemeldingar kom det frå dei òg.

Og så er det berre fantastisk å sjå kor bra samspelet mellom profesjonelle og amatørar fungerer – på Moster, som på Fitjar.

No skal me ikkje ha spel hos oss i år, men me gler oss til neste år. I mellomtida får me la oss inspirera av Mostraspelet.