Han har klart det før, og klarte det igjen i år. Kjell Magnar Helland er superbirkebeinar.

For å vere kvalifisert til å kalle deg superbirkebeinar må du ha greidd merkekravet på alle birkebeinerarrangementa i same sesong: ski, sykkel og løp.

Den einaste på Stordøya som har klart dette i år, utanom Kjell Magnar, er stordabuen Jarle Haugland.

– Det siste arrangementet var Birkebeinerløpet, som gjekk i vakkert haustvêr frå Sjusjøen til Lillehammer, fortel Kjell Magnar til fitjarposten.no.