Fitjar markerte seg med både flinke fotballspelarar og flinke songarar under søndagsskulearrangementet Super-søndag på Grinde i dag.

Det var Karmsund og Sunnhordland søndagsskulekrins som inviterte til super-søndag på Grinde og Stemnestaden. Her var det lagt opp til mange ulike aktivitetar, fotball-cup, korøving med jentegruppa Seven og til slutt familiekonsert i Skjoldhallen.

Over 60 små og store frå Fitjar hadde teke turen sørover i det fine veret. På leirplassen Stemnestaden kunne dei verta sminka, padla i kano, ri på ponniar, kasta svampar, prøva lykkehjul eller fiskelykka, treffa søndagsskulemaskoten Gulliver og mykje meir.

I fotball-cupen stilte Fitjar med to lag, eit i klassen for dei mellom fem og ni år, og eit for dei mellom ti og tretten år. I begge klassane var det blanda lag. Sjølv om det viktigaste var å delta har me vanskar med å la vera å nemna at det gjekk stort sett Fitjar sin veg i alle kampane.

Saman med nærare 100 songglade jenter deltok fleire frå Fitjar på korøving saman med jentegruppa Seven. Under familiekonserten som avslutta heile arrangementet fekk dette store søndagsskule-koret stå på scenen saman med dei den populære jentegruppa, og for mange var dette høgdepunktet denne dagen.