Mariann Vestbøstad Marthinsen slo til med to sølvmedaljar verdscupen i finske Vuokatti.

Mariann leia med 6 sekund  på 2, 5 km då ein uheldig manøver på slutten av løpet gjorde at ho fall og såleis gjekk glipp av sigeren.

-Irriterande, men ho har vist denne veka at ho kan vere med og kjempe om topplasseringar i verdscupen i vinter, seier landslagstrener Torbjørn Broks Pettersen. Tyske Andrea Eskau vann rennet – drøyt seks sekund foran fitjarjenta.

 -Kjedeleg, men eg skal ta revansje neste gong, kommenterer Mariann sjølv på Facebook.

Mariann fekk òg sølv på 5 km og skaffa seg svært gode verdscup-poeng.