Måndag arrangerte nokre lærarar på Rimbareid skule skirenn for dei minste elevane. 24 elevar stilte til start.

I strålande sol og glitrande nysnø deltok elevane frå småskulen på «Rimbareidrennet», som me kalla skiløpet eller «ski-potetkastinga». Rennet likna på skiskyting, men i staden for å skyta med gevær kasta deltakarane poteter i bøtte. Elevane gjekk tre rundar i løypa og undervegs var det lagt inn to «skytingar».

Det var stor spenning og tolmodet vart sett på prøve, då dei som skulle delta fekk startnummer på brystet. «Kan me ikkje begynna snart», sa dei ivrigaste. «Klar ferdig gå!», så var nr.1 i gong med nr.2 hakk i hælane 15 sekund seinare. Øyeblikket etterpå var fjorten aktørar i alderen 7 til 10 år ute i skisporet. Det var god stemning og innsatsen var upåklageleg.  

«Oda 5», høyrte ein etter at den første jenta hadde vore inne til første kasting. Det vart full skår og inga ekstratid etter snart halvgått løp. Etterkvart som fleire elevar kom inn til kastinga medan andre snart nærma seg mål, vart det rimeleg travelt for sekretariatet som skulle notera ned resultata.

Mange var trøytte og nøgde med å gå eit løp, men nokre deltok både to og tre gonger. Til slutt var dei så trøytte at dei stupte i mål i skikkeleg Bjørn Dæhli stil.

For nokre av deltakane var målet å verta den beste, mens det for andre var viktig å berre fullføra løpet. Uansett kva mål dei hadde for å delta,  var det sikkert at alle hadde det kjempegøy. «Kan me ikkje ha det i måro òg ?», var det nokon som spurde.

Alle var vinnarar og fekk ein velfortent diplom for flott innsats.

Svein Arne J. Raunholm er sliten etter å ha gått det raskaste løpet. Foto:Ingvild B. Myhre
Svein Arne J. Raunholm er sliten etter å ha gått det raskaste løpet. Foto:Ingvild B. Myhre