Foto: Årskog barnehage.

Me i Årskog barnehage har lyst å få fortelja Fitjarposten sine leserar om ein super dag me hadde på Nesbø/Vik, hos familien Storebø, sist veka.

Av: Torhild Alsaker, Årskog barnehage

I barnehagen har me over lengre tid jobba med prosjekt om dyr, og dei eldste har vist mest interesse rundt hest. Me har snakka om hestar, lese om dei, teikna hestar og laga nokon flotte kjepphestar.

Men me syns jo det hadde vore veldig kjekt om me kunne fått helst på nokre ekte hestar. Så me tok kontakt med Hege Storebø og spurte om me kunne få komma og sjå på hestane deira.

Det var ho positiv til. Me drog av garde med dei seks eldste barna og fekk sjå oss om i Stall Vikemyr. Carolin og Hege Storebø tok godt imot oss og viste oss stall, utstyr, fôr og ei heil trillebår med hesteskit!

Etter omvisninga fekk me vera med og stella hesten Sikil; alle fekk strigla hesten, og dei som ville fekk greia halen og reinsa hovane. Besøket blei avslutta med ein ridetur på ridebanen for dei som hadde lyst.

Me vil senda ein stor takk for at me fekk komma, det blei ein uforgløymeleg, super dag!

Og ikkje minst ein stor takk til den tålmodige hesten; Sikil, som let seg bli stelt av mange ivrige små hender!

Foto: Årskog barnehage.
Foto: Årskog barnehage.
Foto: Årskog barnehage.