Rundt 200 skyttarar hadde vore i aksjon då Sunnhordlandstreffen blei avslutta på skytebanen i Årskog søndag ettermiddag.

Leiaren i Fitjar skyttarlag, Gisle Vik, melder om eit prikkfritt arrangement med god deltaking frå fjern og nær. Vinnar av stemnet blei 21 år gamle Einar Johansen frå Time på Jæren, med 348 poeng. Dette må seiast å vera eit ekstremt godt resultat. Ingen av dei lokale skyttarane våre hevda seg i dei gjævaste klassane; den mest lokale var Edgar Vorland får Bømlo på femteplass.

Sunnhordlandstreffen 2012 er det første banestemnet som har blitt arrangert i Fitjar på 30 år, seier leiaren i Fitjar Skyttarlag, Gisle Vik. Han fortel om eit prikkfritt arrangement, med gode resultat og god stemning. Han ønskjer å retta ei stor takk til alle som har vore med på dugnad og såleis gjorde stemnet til ein fest.