Stor interesse for å hjelpe folk som lever i åndeleg og materiell naud i Russland.

Den etter kvart tradisjonelle Vyborg-basaren vart arrangert på Fitjar bedehus i går. Storesalen var stapp-full av folk, mange av dei kom frå andre bygder i Sunnhordland. Hjelpeorganisasjonen Vyborg-hjelpa vert driven i regi av SI-Reiser AS, og leiaren Jon Teigen frå Ålesund var til stades saman med Jostein Mulelid som heldt andakt. Den førstnemnde orienterte om hjelpeprosjekta og viste bilete frå mange av turane til Vyborg. Ein gong i året køyrer bussar frå Sørlandet, Bergen og Sunnmøre full-lasta med blant anna mat, kle og sjukehusartiklar. Kvar buss har med seg 25 gjester som betaler for turen. Sidan starten i 1995 har hjelpesendingar og store pengesummar blitt til gagn for folk som verkeleg treng det. Evangeliesenter for kvinner og ein barneheim høyrer med til byggeprosjekta.

Magnhild Turøy er ei av mange fitjarbuar som ivrar for å støtte opp om Vyborg-hjelpa. Ho seier at lokale butikkar er flinke til å gi gevinstar til basaren, som anna kvart år vert halden på Huglo. Med tanke på alle gevinstane som låg framme i går, skjønar me at det må vere stor gjevarglede blant dei frammøtte også. Hovudmålet med basaren er som nemnd støtte til naudlidande i Russland. Men det vert og lagt stor vekt åndeleg fellesskap. Ei økt med mat og kaffi er med og skaper trivnad mellom Vyborg-entusiastane. Magnhild Turøy fortalde i går kveld at det kom inn 160090 kr totalt. Då er det rekna med alle pengane som har kome inn på loddbøker før basaren.