Sunnhordlandsaksjonen starta med Barnas misjonsdag og fortset med møter i alle krinsane.

Det er Det norske misjonsselskap som står bak denne årlege misjonsaksjonen, som i tillegg til å spreie informasjon om misjonen sitt arbeid ynskjer å samla inn pengar til misjonsarbeidet i Brasil.

I heile Sunnhordland vert det Sunhordlansaksjons-møter i perioden 10. januar til 14. mars.

På Fitjar starta ein med Bornas misjonsdag i kyrkja 10. januar. Det vil sei gudstenesta vart flytta til bedehuset då det var for kaldt i kyrkja. Vidare vert det møte på Stranda bedehus denne veka. Søndag 24. januar vert det møte både på Fitjar bedehus og Øvrebygda bedehus. Søndag 31. januar vert det møte på Osternes bedehus og så vert aksjonen i Fitjar avslutta med møte på Dåfjorden bedehus laurdag 6. februar. Misjonsfolket ynskjer alle velkomne til desse møta som kjem til å innehalde både andakt, eventuelt songinnslag, misjonsinformasjon og misjonsoffer. Det vert sett opp plakatar i dei ulike krinsane for å minna om møtet på det lokale bedehuset.

Tema for aksjonen i år er: Kyrkjeleg undervising i Brasil. Det norske misjonsselskap har drive misjon i Brasil i 35 år og fokuserer der på leiartrening og utdanning. Gåva som kjem inn under Sunnhordlandsaksjonen skal gå til det teologiske fakultetet i Curitiba og den mobile bibelskulen som for tida held til i Sao Paolo og Mato Grosso.

Fakultetet er eit bibel- og misjonsseminar for lekfolk, teltmakarmisjonærar og fulltidsmisjonærar. Ved den mobile bibelskulen får unge kristne praksis og misjonærutdanning for å bringa evangeliet til sine eigne. Det er eit svært vellukka prosjekt, og frivillige leiarar frå dei lokale kyrkjelydane deltek.

Ein kan lesa meir om misjonsselskapet sitt arbeid i Brasil på heimesida deira.