Me hadde strålande vær på Fjellheim når familiane med foreldre, søsken og barnehagebarn og ansatte samla seg til sumaravslutning onsdag 25.juni. Barna hadde øvd inn eit par sangar som dei sang høgt og tydeleg. Barna viste også sine kunster med rokkringane sine til discomusikk og det var tydeleg at dette er "i skotet" for tida og at barna hadde øvd seg masse for dei var kjempeflinke:-).

Mange av barna har eldre søsken som også har gått i barnehagen og dei synes det alltid er like kjekt å koma igjen og dei føler seg alltid velkomen igjen. Eit par av desse heiv seg med på discomusikken og dansa disco opp på "sjørøverskuta" til barnehagen medan dei andre rokka.
 
"Skuleungane" som går sine siste dagar i barnehagen fekk utdelt ei mappa med bilder og teikningar frå tida si i barnehagen, og sjølv dei som berre har gått i barnehagen nokre månader hadde ei innholdrik og kjekke mappa å ta med seg som minne. Foreldra delte ut blomar til dei ansatte og ei ekstragave til Modgunn Vik som har vore avdelingsleder for "skuleungane". Etterpå var det grilling, kakespising og drøs for oss vaksne og lek for dei små.
 
Masse hyggelege folk, fint vær og fantastisk uteområde i barnehagen lagte rammen for ei kjempefin sumaravslutning.
 
Tusen takk til Kine og dei andre ansatte for eit flott barnehageår.
 
Me som ikkje har barnehagebarn lenger når hausten kjem, kjem heilt sikkert til å senda gode tankar til barnehagen kvar gang me kjører forbi barnehagen i framtida:-)