Det er ikkje alltid lett å etterleve eigen lære. Ikkje for SIM heller. Ein av våre lesarar skriv:

-I siste utgave av SIM-nytt, oppmoda SIM brukarane til å plassera bossdunkane til side for postkassestativet, slik at det ikkje er til hinder for utlevering av post og aviser. Dette vert gjort av brukarane, men når SIM-bilane kjem og tømmer dunkane, vert dei tomme dunkane plassert rett framfor postkassestativet, av SIM-bilen.

Difor er det sjåførane til SIM som bør få denne oppmodinga.