Finalane i årets vintercup på kunstgraset var akkurat ferdige då uvêret sette inn for alvor. Med siger for Kalveid/Vestbøstad i dameklassen og Vestbøstad i herreklassen.

I damefinalen var det ikkje særleg tvil om at Kalveid/Vestbøstad var det beste laget. Og sigeren 3-1 over Stratos/Resten var vel fortent.  Herrefinalen blei mykje jamnare, og det var spenning til siste sekund. Men to scoringar av Knut J. Selsvold blei avgjerande, slik at Vestbøstad drog i land sigeren med 2-1 over Fitjarstølane.

For juniorane til Storavatnet blei det bråstopp i semifinalen mot Vestbøstad. Her blei dei minst eit nummer for små, og 4-0-sigeren til Vestbøstad var vel fortent.

Alt i alt kom fotballgruppa godt frå årets vintercup trass i eit noko ruskete haustvêr.

Fitjarposten kjem tilbake med eit fyldigare referat etter kvart.