Bortsett i frå 10. klassingane som skal ha eksamensfest i kveld var alle elevane på Rimbareid skule med på sommarfest på skulen i dag. -Kjempegøy, sier både barneskuleelevar og ungdomsskuleelevar til fitjarposten.no.

Lærar for 1. klasse, Katrin Innvær, meiner alle koste seg, og fortel at opplegget var slik at 9.klassingane tok seg spesielt av 1. klassingane, 8. av 2., 7. av 3. og 6.klasse av 4. klasse. Slik vart det gøy for alle.

Så var det då òg lagt opp til gøye, sommarlege aktivitetar, som papirflylaging, hesteskokasting, ball over tak, «Tante Knute», allsong, rebusløp og natursti. 700 pølser gjekk med i tillegg til store mengder saft. Alt sponsa av FAU og Spar Fitjar. Sjur og Jone var gode fotballdommarar, og i kampen mellom elevane og lærarane slo dei til med raudt kort mot Bjørn Haaland. Om det var rett dømt, veit me ikkje, men jubel på tribunen vart det i alle fall.

– Det var ein slik sommarfest eg vona på. Dette er venskap og kunnskap hand i hand i praksis, sa rektor Siv Grethe Stamnes i ein kommertar til fitjarposten.no.