SIM sitt tilbod om gratis refleksar til å klistra på bosdunkane vart godt motteke av kundane. Heile opplaget på 3 000 refleksstriper er no sendt ut, melder avfallsselskapet. 

Refleksane skal motverka at dunkane skaper trafikkfarlege situasjonar ved at dei bles over ende eller vert ståande på tømmeplassen etter tømming. Tiltaket er eit prøveprosjekt, for å sjå om refleksstripene tåler  vêr og røff behandling. Dersom erfaringane vert gode, vil SIM trykka nytt opplag til hausten.

Pressemelding, Torleiv Agdestein, SIM