Det var fullt hus i det nye lokalet til Fitjar Seniorsenter då Gabriel Fliflet og Jørgen Sandvik, som representantar for «Den kulturelle spaserstokken», heldt konsert der tidlegare i dag.

På menyen stod trekkspel- og gitarmusikk som var vel tilpassa seniorgruppa, og det vanka mykje fortent applaus til utøvarane frå publikum. Etterpå var det duka for kaffi og noko å bite i.

På sett og vis vart dette samstundes ei uoffisiell opning av dette nye lokalet i Kulturhuset som bestod prøva med glans. Eit svært veleigna lokale for grupper opp i mot 50. I dag var vel 40 til stades.

Dei som var på konsert fekk og med seg ei vakker miniutstilling med kunstverk av lokale kunstnarar. Denne var montert opp på veggen der ein går inn i det nye lokalet i 2. høgda i FKIB. Bileta ein kan sjå der er laga av Leif Hedman, Brit og Karl Olav Gravdal, Leif Kåre Helland, Ragnhild Midtsæter og Solveig Thomassen. Eitt av bileta kan du sjå til høgre.

Den offisielle opninga av det nye seniorsenteret er sett til 9. september. 

Fitjar kommune, Fitjar Seniorsenter og Fitjar Frivilligsentral stod som arrangørar av det heile.