Frå utstillinga. Arkivfoto: FP/KR
 
– Kunstutstillinga med Karl Gloppen sine maleri har vore ein stor suksess. Så langt har nesten 400 menneske vore innom og sett utstillinga, og boka til Aud med faren sine maleri har gått unna, melder Karvel Strømme til fitjarposten.no. – Og folk har kome langveges frå; så seint som i dag kom ein tidlegare klassekamerat av Karl frå lærarskulen på Stord, i lag med dottera si, frå Rennesøy, og han kunne fortelja kjekke minne frå lærarskuletida med Karl. Etter det han fortalde, så var ikkje Karl mindre aktiv og kreativ den gongen.

Det som har vore ekstra moro er alle dei interessante og spennande diskusjonane bileta til Karl har vekt. Folk står i små grupper ved eit bilete og spør kvarandre: ”Kor er dette, er det…..?” “Nei,nei, dette må vera…..!” “Ja, er du no sikker på det….?”
Og dei spør seg: ”Kor tid fekk han tid til alt dette … han var jo med på alt mogleg anna og!”
 
Dei er og glade for initiativet til utstillinga, og dei er glade for at Fitjar har fått eit nytt, fint galleri.
 
Lat oss håpa at det kan bli nytta i framtida, til glede for alle dei som set pris på vakre og spennande kunstverk, og skal ein dømma etter denne utstillinga, er det mange! skriv Strømme vidare.