Å leggja gudstenesta Barnas påskefest til Fitjar Bedehus, fungerte svært bra. I det heile likna arrangementet litt på dei tidlegare Palmesøndagstreffa, som òg samla mykje folk.

For mykje folk var det, og Fitjar bedehus er eit godt lokale for slike arrangement, ikkje minst når det skal vera utvida kyrkjekaffe etter gudstenesta. Ros til arrangørane for flott gjennomføring.

Og så sjølve koret. Fitjar barnegospel sluttar berre ikkje å imponera oss. Utruleg frisk, sjarmerande og fengjande song, og som dei sikkert ville sagt i «Norske talenter»: -Me ser at de kosar dykk på «scena». Kjempebra.

Ikkje mindre ros til dei som står bak koret.

Å bruka videokanon på songane er vanleg i Fitjar Bedehus. Denne gongen brukte kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu kanonen under preika òg. På denne måten kom bodskapen om Jesus, som er både Den gode gjetaren og samstundes Kongenes Konge, klårare fram enn det ville ha gjort utan.

Ingen grunn til å ikkje gjenta dette arrangementet neste år.