Fitjarbuen Bernt Olav Rimmereid styrer lyden på  Bibelcampen i Lyngdal, både denne og neste veke.

Det var såleis naturleg at me fann Bernt Olav ved spakane på miksebordet, då me var innom møtehallen på Bibelcampen i kveld.

-Eg kjenner han som leiar musikken her desse vekene. Han tipsa om meg, og då eg fekk spørsmål om å gjere denne jobben, var det berre kjekt å kunne svare ja, seier Bernt Olav til fitjarposten.no

Det er fem år sidan han flytta frå Fitjar. I den tida har han teke musikkutdanning både ved Bibelskulen på Bildøy og ved Ansgar teologiske høgskule – med gitar som hovudinstrument. Han har vidare jobba nokre år som barne – og ungdomsarbeidar for NLM. Han bur no i Kristiansand.Og han kom svært godt i frå lydoppgåva si i kveld.

Elles kan me melde om bra med folk på Bibelcampen, men bortsett ifrå Edith, mor til Bernt Olav, har det ikkje vore mange fitjarfolk å sjå her denne veka. Men gode samlingar er det. Talar denne veka er Johan Halsne frå Halsnøy på Finnøy, og det var i kveld svært vakker song av Itohan Precious Moses frå Nigeria. Ho vil syngja att på søndag.

Ingressbilete: Bernt Olav Rimmereid ved spakane i hallen på Lyngdal Bibelcamp i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt