Norsk Ordbok 2014 har sendt tidlegare skulesjef Lidvald Stubhaug (92) førespurnad om å få digitalisera og leggja boka hans «Breidalstunet» inn i databasen sin.

Stubhaug er berre positiv til det. Han gjev uttrykk for at han set pris på at nokon kan nyttiggjera seg boka hans på denne måten.

Breidalstunet er ei forteljingsbok der Stubhaug levandegjer gamle ord og skikkar, og bak i boka er det seks sider med gamle ord som han gjev forklaring på.

I førespurnaden frå Norsk Ordbok 2014 fortel konsulent Gunnhild Wentzel at dei har stor nytte av slike lokale ordsamlingar, og skriv mellom anna til Lidvald Stubhaug: «Desse samlingane representerer den lokale kulturarven på ein god måte, og har språklege opplysningar som er svært verdifulle for arbeidet vårt. Det gjeld òg ordsamlinga di, «Breidalstunet».