I sin snart 90-år gamle liv, har Lidvald Stubhaug skrive ei rekkje flotte prologar. No er dei samla i bokform.

Boka som har fått namnet «Fitjar», er rykande fersk, og  vil mellom anna vere i sal på julemessa i Fitjartun i helga.

I tillegg til dei mange flotte prologane, finn ein òg ein del spennande biletstoff i boka, og Stubhaug har vidare sett av fem sider til eit historisk register over når ein del bedrifter og lag i Fitjar vart skipa, kven som starta dei – og kven som står i bresjen no.