Laurdag 14. januar lanserer Lidvald Stubhaug (93) si bok «Over stokk og stein». Det skjer på Fitjar folkebibliotek.

Boka er Stubhaug si åttande bok og vert utgjeven dagen før forfattaren fyller 93 år. 
Lanseringa vil skje på Fitjar Folkebibliotek (stod, ved ein feil, hotellet i papirutgåva) med ordførar Wenche Tislevoll og kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland til stades.

I programmet vil forfatteren lesa frå boka, og det vil bli musikalske innslag ved Frøydis og Erling Stubhaug (song & munnspel). Det vert vidare enkel servering og høve til å kjøpa boka.

«Over stokk og stein» inneheld gamalt og nytt stoff som ikkje har vore utgjeve tidlegare. Både dikt og prologar.

 Boka vert utgjeven av Fitjarposten. Konsulent har vore Arild Stubhaug, og bileta er tekne av Bjarte Stubhaug.