Fitjar folkebilbliotek var smekkfullt laurdag kveld då 93-åringen Lidvald Stubhaug lanserte den siste boka si, «Over stokk og stein».

Sjeldan eller aldri har me sett så mykje folk på bilblioteket som laurdag kveld. Mellom 70 og 80 litteraturinteresserte fitjarbuar møtte opp til noko så sjeldan som at ein 93-årig fitjarbu skulle lansera ei ny bok. Med og kasta glans over dette sjeldne høvet var både rådmann og ordførar, Atle Tornes og Wenche Tislevoll, og kultur- og informasjonssjefen i Fitjar kommune, Bente Bjelland.

Boka «Over stokk og stein» blir gitt ut på Fitjarposten forlag, og redaktør Håkon C. Hartvedt stod i bresjen for kveldens arrangement. Han introduserte den 93 år gamle forfattaren, som kom frå Naustdal i Sunnfjord, og kom til Fitjar i 1949. Her arbeidde han i over ein mannsalder som lærar og skulesjef, til han gjekk av med pensjon i 1986. Med den siste boka si har han til saman gitt ut åtte bøker.

Forfattaren las med styrke og innleving frå boka si, til stor glede for det store og godt vaksne publikumet. Kontakten med tilhøyrarane var god, det var mange som trekte på smilebandet under vegs. I pausen fekk me høyra sonen Erling Stubhaug spela munnspel, og kona hans, Frøydis, song vakre, vemodige songar. Fleire av desse handla om lengsel, som «Tir n’a Noir» av Kolbein Falkeid og «Ut mot havet» av Edvard Fliflet Bræin. 

Lidvald Stubhaug heldt på imponerande vis fram etter pausen, og avslutta opplesinga med «Minne frå høgfjellet». Før han heilt til sist takka forsamlinga «for at de sat så stilt». Det var tydeleg at skulemannen i han lever framleis. Frøydis Stubhaug avslutta den kulturelle innhaldet for kvelden med «Vår beste dag», ein song som heile det norske folk har fått eit nært forhold til.

Kveldens arrangement blei avslutta med velfortente blomar og takketalar. Ordføraren i Fitjar, Wenche Tislevoll, talte til den 93-årige forfattaren, og uttrykte takksemd over at han hadde kome til nettopp til Fitjar og hadde lærargjerninga si hos oss. Kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland overrekte blomar.