Foto: Filmoteket

Fitjar Folkebibliotek gler seg over å kunne tilby filmutlån frå den nye strøymetenesta Filmoteket. – Ekstra kjekt i desse tider, seier biblioteksjef Silje V. Torbjørnsen.

Det er Norsk film som står bak Filmoteket som er ei strøymeteneste der biblioteka kan tilby norske og internasjonale spelefilmar og dokumentarar for både vaksne og barn. Alt frå Oscar-vinnarar til smale kvalitetsfilmar er med i tilbodet.

– Det er Norsk film i samråd med biblioteka som vel ut filmane, og det er vekt på at det skal vere kvalitetsfilm som kan nå eit bredt publikum, fortel Torbjørnsen.

Ho fortel at biblioteket betalar pr. film som vert lånt. Difor vert det ei avgrensing på 4 lån per lånar i månaden.

– Me har også eit månadsbudsjett, slik at utgiftene ikkje kan «løpa vilt». Slik skal me sikre at flest mogleg får ta del i tilbodet, fortel biblioteksjefen.

Ho tykkjer det er ekstra kjekt å tilby dette nye tilbodet no i desse tider, og fortel at du treng nasjonalt lånekort og PIN kode for å nytta tilbodet.

– Hugs at Fitjar må vera hovudbiblioteket ditt for at du skal kunne nytta tilbodet. Berre ta kontakt om du treng hjelp, avsluttar Torbjørnsen.