Trass ei sterk avslutning tapte gutane G14-kampen mot Stord 2 søndag.

Det blei mykje stong ut for handballgutane, som ikkje fekk spelet til å gli før på slutten av kampen. Men då var det diverre for seint mot gode Stord-gutar.

Med heile sju mål det siste kvarteret klarte gutane likevel å pynta mykje på resultatet, som til slutt blei 9-18.

Fitjar sitt lag
(mål i parentes): Arild F. Waage, Marius Strand, Fredrik Vik, Magnus Raunholm, Håkon Sørfonn, Andreas Nordbustad (1), Torstein Raunholm Kjelling (1), Marcus Opshaug (2), Hafsteinn Runarsson (2), Jonathan Tranøy.