Handballdamene spelte ein bra kamp heime mot Bjørnar 2 i dag, men klarte som venta ikkje å få med seg poeng.

Nivåskilnaden frå 5. divisjon i fjor har nok blitt litt større enn venta, seier lagleiar for handballdamene, Harald Engevik. I haust har det blitt mange tap, og berre eitt poeng. Derfor var ikkje forventningane om poeng så store framfor dagens kamp. – Me går på banen for å spela vårt spel, og få ei god oppleving, sa Harald til Fitjarposten rett før kampstart.

Alt i alt var ikkje Fitjar-damene så mykje dårlegare enn gjestene frå Arna i dag. Men mykje blei øydelagt i første halvdel av første omgang. Bjørnar 2 opparbeidde seg ei leiing på 6-8 mål, og dermed var kampen avgjort etter vel eit kvarters spel. Då hjelpte det ikkje at Fitjar spelte jamt med Bjørnar resten av kampen. Gjestene leia 18-12 etter første omgang, og vann til slutt 33-24.

Fitjar-trenarane Harald Engevik og Charlotte Ayoe Solberg er rimeleg fornøgde med dagens innsats. – Det gjekk vel omtrent som venta, seier Harald. Dei visste at det ville bli vanskeleg, og meiner jentene spelte opp mot sitt beste. – Spesielt keeperen vår, Solveig L. Fitjar, var god i dag, var begge trenarane einige om. Blant anna redda ho tre straffekast.

Diverre for Fitjar hadde også gjestene ein god keeper. Hanne J. Gunnarskog redda mange opplagte målsjansar. I tillegg hadde Bjørnar 2 fleire spelarar med erfaring frå 2. divisjon. Dermed blei dei unge Bjørnar-jentene altfor gode for våre lokale heltar.

Neste sjanse til poeng for handballdamene kjem mot Fyllingen i Bergen førstkomande laurdag. Og neste heimekamp i 5. divisjon er mot Tertnes tysdag 10. desember.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes):
Solveig Fitjar (keeper), Ingvild Rimmereid (3), Lillian Gjuvsland (2), Amalie korsvik, Ingvild Kannelønning (6), Kristin T. Dahl (2), Miriam Almås (3), Maria Larsen (2), Julie S. Jensen (1), Marit Thorland (1), Randi Thorland (5).