Bøndene Karl André og Harald Rydland har hatt ein stri dag i uvêret.

Ikkje alle kunne unna seg å følgja rådet om gøyma seg under eit pledd med ei god bok under det ofselege uvêret som «Nina» kasta over oss i ettermiddag.

I fellesfjøset på Rydland stod nærmare 50 mjølkesprengde kyr og venta på mjølking då straumen blei borte i dag.

Då var gode råd dyre, men heldigvis er ikkje bøndene kjende for å vera rådlause.

Harald Rydland har eit traktordrive straumaggregat, og då han fekk det i gang, kunne nabo Karen Elisabet Rydland Sæbø gå laus og mjølka nesten som normalt.

Dagens mjølkeanlegg er heilt avhengig av straum, i motsetnad til det som Lars J. Rydland hadde i gamlefloren sin frå 1978 til 1998.

Då kopla han berre ein slange til luftfilteret på traktoren og fekk nok vakuum på mjølkeanlegget til at det fungerte perfekt. Noko journalisten kan stadfesta, sjølv om han etter kvart har gått ut på dato …

Karl André Rydland fortel at han har vore ute heile dagen og rydda veg i Dåfjorden, i Rydlandsskogen, i Årskog og på Hogste og Helland. Fleire stader var vegen sperra, og spesielt dramatisk var det eit lite stykke nordanfor Rydlandssago, der to svære graner hadde velta over vegen.

– Det er litt skummelt, seier Karl André, for ei rotvelte kjem ofte veldig fort. Men dei utsette seg ikkje for fare, sjølv om det var noko hektisk ei stund, seier naboen Lars J. Rydland til Fitjarposten.

– Det er godt å ha eit aggregat i bakhand, seier bonde Harald Rydland. Foto: Kjetil Rydland.