Om du likar å strikke, kan du bli ytterlegare inspirert om du tek turen til Fitjar folkebibliotek på torsdag 26. februar. 

 

Då får du nemleg møte Kathrine Gregersen (biletet ovanfor) som er forfattar bak strikkebøkene: «Strikk til Nøstebarn», «Brukt på nytt» og «Strikk meir til Nøstebarn». Sjå annonsa til høgre på denne sida.

Og som vanleg på biblioteket er det gratis tilgjenge.