Hei alle som har lyst til å lære eller som likar å strikke.

Det er no veldig trendy å strikke og det er mykje fint å lage med enkle grep.

Synes du det hadde vore kjekt å strikke noko sjølv enten til ungane, deg sjølv eller du vil gje det i gåve? Ta med deg venner eller kom aleine. Me er ein veldig sosial gjeng så selskap får du uansett.

Tysdag 9. mars skal Husflidlaget ha strikkekveld i 2. høgda på Fitjartun. Me er der frå klokka 19 til klokka 22, kom når det passar for deg.

Husflidkroa vil stilla med tråd, pinna og oppskrifter som det er mogleg å kjøpe. Det blir vaffelsteiking og servering av kaffi og te (dette er gratis).

Håpa du synes dette høyres kjekt ut, det hadde vore kjekt om DU kom!

Helsing Fitjar Husflidslag