Mange lurte nok på kvifor straumen forsvann i Fitjar tidlegare i dag. Nedanfor finn du svaret.

Straumbrotet, som ikkje varte særleg lenge, hadde samanheng med at SKL kopla fram og testa ut den nye linja til Midtfjellet som òg går ned i Årskog. Det vart då gjort ein feil. Dermed forsvann straumen for alle i Fitjar som er tilknytt trafoen i Årskog, og det er mange.

– Me beklager hendinga. Dette er noko som ikkje skal skje, seier informasjonssjef i SKL, Jan Petter Myhre, til fitjarposten.no.

– Men når alt dette er klart og ferdig, vil heile ytre Sunnhordland få ei betre og sikrare straumforsyning enn i dag, legg Myhre oppmuntrande til.

- Annonse -