Store delar av Fitjar er mørklagt etter at straumen fall ut rundt klokka 23.05 måndag kveld.

Når me ringjer feilmeldinga til Fitjar Kraftlag klokka 23.10, får me vita at det er i Dåfjorden og Øvrebygda straumen er borte. Men det er veldig mørkt på Vestbøstad òg.

Klokka 23.32 er straumen tilbake på Vestbøstad, men Fitjar Kraftlag fortel at dei framleis har problem med straumen enkelte andre stader. Og dei veit enno ikkje noko om årsaka til problema.

Siste:

– Årsaka til straumbrotet var ein punktert kabel i Skaralandet mellom Skaret og Dåfjorden.

Rundt kl. 03.00 i natt var straumen tilbake. Øvrebygda og Vestbøstad fekk straum frå Fitjar Kraftlag sitt reservenett, medan Dåfjorden fekk straum frå Litlabø, seier vakthavande ved Fitjar Kraftlag, Lars Helge Landa, til fitjarposten.no. Han reknar elles med at kabelen vert fiksa i løpet av kvelden.