Rundt 40 strandarar møtte opp fredag kveld då Stranda Vel skipa til quiz i grendahuset på Hageberg.

Også denne gongen var Arne Raunholm quizmeister, og han hadde som vanleg med seg eit variert repertoar av spørsmål. Både heilt lokale spørsmål frå Strando, og spørsmål frå Amerika og andre stader ute i den store verda. Vanskegraden høvde også denne gongen til forsamlinga. Dei fleste klarte å henga med på dei fleste spørsmåla. Men ingen klarte alle; dei beste klarte 45 av 51 poeng. Merkeleg nok visste ikkje alle dei velvaksne strandarane at det var Fina-bensin i pumpene på Eide i si tid.

Som oppvarming til quizen selde Astrid de Vreede og Ingunn Raunholm deilige pannekaker og vaflar, med saft og kaffi til. Inntekta av kafeverksemda går til drifta av grendahuset; det gjer og pengane som kom inn på loddsalet. Som avslutning på den trivelege fredagskvelden blei det vist lysbilde. Først viste quizmeister Arne Raunholm bilde frå den første helikopterturen til Tindaslottet, i juni 2003. Deretter fekk me sjå bilda som kveldens konferansier, John Karsten Raunholm, tok under Tindaslott-turen i juni i fjor, i like fint vêr som sju år tidlegare. Før John Karsten avslutta med bilde frå den dramatiske flaumen på Strando ei veke sienare, då det fall 60-70 millimeter nedbør i løpet av nokre korte timar.

Programmet som Stranda Vel hadde å by på, såg ut til å falla i smak hos den godt vaksne møtelyden. Stemninga var avslappa, og låtten og dei gode kommentarane sat laust; det var tydeleg at folk sette pris på å koma saman. Vonleg er det ikkje lenge til neste quiz. Strandarane kjem meir enn gjerne tilbake; det same gjer Fitjarposten.