Anders Halleråker Strand får ein flunkande ny crosskart til jul, for berre det beste er godt nok når dei skal tevla med familien til Petter Solberg komande sesong.

Ingve André Strand har teke spanderbuksa på og kjøpt den flottaste julepresangen i Fitjar i år. Men det må til om ein skal konkurrera med dei beste, meiner han. Neste sesong skal Anders H. Strand stilla i samme klassen som son til Petter Solberg, Oliver Solberg. Ambisjonane der i garden kjenner me, så det nyttar ikkje å stå med snap-off-rattet i handa om ein vil kjempa i toppen.

Målsetjinga for crosskartførarane i Fitjar Racing Team i 2013 er heller ikkje snau. Ingve kjører for NM-gull og siger i NEZ – North European Championship – 650 ccm-klassen. Dette burde vera fullt mogeleg etter at han i 2012 berre mangla eitt poeng på å bli norsk meister. For Anders er målet ei topp fem plassering i NM og NEZ i 125 ccm-klassen. Dei ønskjer å satsa i NEZ-rundane både i Sverige Danmark, Norge og Finland.

Men dei kjem ikkje gratis til suksessen. Ein flunkande ny crosskart kostar nærmare 100 000 kroner, men det må altså til om ein skal kjempa mot dei beste, meiner Ingve. Og konkurransen i sesongen som kjem blir knallhard. Ikkje berre skal Anders kjøra mot Solberg jr., Oliver, i 125 ccm-klassen. I den største klassen stiller mor til Oliver, Pernilla Walfridsson, ei dame med mange sigrar i rally. Det kan nok henda at ektemannen Petter Solberg stiller opp i eit løp og.

Det skal ikkja stå på sesongførebuingane denne gongen, seier tilretteleggjar Sigurd André Maraas. Han er takksam for støtta frå dei faste samarbeidspartnarane til racingteamet, og han har god von om at dei vil bli med vidare. I går sveiste Ingve Andre på plass festet til snap-off-rattet i den nye crosskarten til Anders. Mentor Ole Vidar Helland seier han høyrde korleis sveiseapparatet jobba, så han er heilt trygg på at sveien held. Dette rattet kan han lett ta av når han skal inn og ut av setet i karten. Det er nyttig, for det er svært så trongt i ein crosskart. Til slutt festa dei det nye, kvite karosseiet i kevlar.

Om crosskarten får plass under juetreet er me litt usikre på, men jula er ganske sikkert berga både for Anders og faren.