Første runden av NM i crosskart går av stabelen denne helga, og Fitjar er sterkt representert ved Anders Halleråker Strand og den regjerande norske meisteren, Ingve André Strand.

I morgon tek norgesmeisteren med seg junior på tur over fjellet til Skien for å forsvara NM-tittelen i crosskart. Med på lasset blir og dei faste støttespelarane Sigurd André Maraas og May Linn Kloster.

Anders Halleråker Strand er framleis ein svært ung mann, på berre 17 år, men i år er ambisjonane større enn nokon gong. Han stiller også i år i klassen 250 ccm, og har gjort store forbetringar både på motroren og vogna elles. Målet hans er ein plass blant dei fem beste i kvart løp han deltar i.

Han har vakse som førar i vinter, og gode kjelder opplyser at han har vist lovande takter på trening føre sesongen. No skal han vera klar til å visa norgeseliten kven som er faren. No er han på veg opp stigen, der målet er å vippa pappa av trona!

Men førebels er det nok pappa som er best. Etter å ha vore den jamnaste crosskartføraren i landet i mange år gjekk Ingve André Strand heilt til topps smanlagt i den største crosskartklassen i fjor.

For dette fekk han Ambassadørprisen her i Fitjar og velfortente laurbær frå Norges Motorsportforbund. Men han har ingen planar om å kvila på laurbæra. Maskineriet hans er kvassare enn nokon gong, og han satsar alt på å gjera det betre enn i fjor, då han altså blei norsk meister.

«Han vil ha belta med seg vidare», seier hjelpesmann Sigurd André Maraas, fritt sitert etter Cecilia Brækhus.

Innleiingsrundane startar laurdag kl. 16.00, og finalen går av stabelen søndag ettermiddag. Då vonar Fitjarposten at me har gledelege meldingar å dela med publikum.