Om knappe tre veker er det sesongopning i crosskart i Vikedal, med to blad Strand på startstreken.

Når noregseliten blir vinka av garde i årets første NM-runde i Vikedal laurdag 31. mai, er det nesten på dagen 20 år sidan NM Ingve André Strand debuterte i crosskart. Han fortel at han køyrde til Skien for å køyra løp den fredagen dronning Sonja var på besøk på Liarbø i mai 1994.

Ingve har etter kvart utvikla seg til å bli den jamnaste av alle crosskartførarane i Noreg, med pallplass i NM samanlagt dei fire siste åra. Berre eit par poeng hist og her kunne endra andreplassane dei siste tre åra til samanlagtsigrar. Men så langt har det altså ikkje lukkast Ingve å gå heilt til topps.

– Målet er å vinna samanlagt, seier Ingve til Fitjarposten. Men han er sjølvsagt klar over at det er eit knippe med andre skarpskodde førarar som har det same målet. – Eg vil akseptera ein 2.- eller 3.-plass òg, seier Ingve, men 4.-plassen vil vera ein stor nedtur!

Han har ikkje hatt så mykje kontakt med konkurrentane sine i løpet av vinteren, men han veit at dei har førebudd seg godt til sesongen som kjem. Blant desse er nok vinnaren dei to siste åra, Simen Vardeberg, og rundt 10 andre med vinnarsjansar. – Eg veit ikkje kor hardt dei satsar, men dei har sikkert brukt vinteren effektiv, seier Ingve til Fitjarposten.

Tidlegare år har Ingve hatt ein tendens til å få eit dårleg resultat i byrjinga av sesongen, for så å koma sterkare og sterkare etter kvart. Men det har mangla eitt poeng dei siste åra på at han kunne ta igjen det tapte. I år vonar Ingve å få ein betre start, etter som første NM-runden går på heimebane i Vikedal. Ingve kjenner denne banen godt, medan ingen andre av konkurrentane hans har køyrt crosskart på denne banen før.

NM i crosskart i år består av fem rundar, og opnar altså med brask og bram på Ingve sin heimebane laurdag 31. mai. Siste helga i juni går turen til Orkla og Arena Wallenberg, der Ingve vann siste NM-runden i 2012. Så er det Flisa i Solør 2. august og NMK Grenland i Skien 30. august. Før NMK Gjøvik arrangerer NM-avslutning Krabyskogen 27. september. Ingve har gode erfaringar med alle desse banane, bortsett frå Krabyskogen, og den kjem altså til slutt …

Ingve vonar å feira 20-årsjubileum med å bli noregsmeister. Samstundes vonar han at sonen ikkje må venta like lenge før han går til topps. Anders Halleråker Strand er med også i år, i ny crosskart. Han har fylt 16 år, og har gått opp ein klasse, til 250 ccm.

Anders seier til Fitjarposten at målet hans er topp 3, og faren er einig. – Og i år står det berre på sjåføren, seier Ingve, for crosskarten skal vera bra nok. Motoren er ein «brand new» 60 hk motor importert frå USA, men produsert av KTM i Austerrike. Ingve fortel at toppfarten på vogna til Anders ligg på rundt 140 km/t, medan han sjølv kan koma opp i 150-160 km/t.

– Men det er ikkje toppfarten me er ute etter, seier Ingve, for oss er det akselerasjonen som gjeld. På dei svingete banane når du sjeldan toppfarten, men det gjeld å koma fortast råd ut av kvar einaste sving. Vogna hans går frå 0 til 100 km/t på 2,8 sekund! Motoren skal vera «ship shape» før sesongen, etter å ha vore ein tur til Geilo. Der finn me av dei beste motorbyggjarane i landet, Sveinunggard Motorteknikk, som har vore til god hjelp for Ingve i fleire år. Invge har to reservemotorar på lur, slik at han ikkje står opprådd om motoren skulle havarera. – Du veit aldri i dette gamet, seier Ingve, det er alltid noko som kan ryka.

Denne helga var Ingve og Anders i Vikedal for å trena, men på grunn av tekniske vanskar måtte dei reisa heim med uforretta sak. No vonar dei å koma seg inn att til Vikedal ein gong til før det brakar laus for alvor om knappe tre veker. Dei er svært så utolmodige etter å treffa igjen gamle kjente som sikkert er like tente på å koma i gang.

Blant gamle kjente i Vikedal er nok brørne Henning og Petter Solberg. Son til Henning, Oscar Solberg, konkurrerer mot Ingve André i den største klassen. Oliver Solberg er son til Petter, og stiller i klassen 125 ccm.

Me håper først og fremst at klubben vår, NMK Vikedal, får godt vêr og eit godt arrangement, seier Ingve. Men han vedgår at han køyrer like godt i all slags vêr …