Vamp tok fitjarbuen med storm og lagde ein knallkonsert i den nye Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, laurdag kveld. Ståande applaus førte til to ekstranummer.

Glitrande musikarar med multitalent og eit repertoar som gjekk inn hos alle, gjorde at det måtte bli suksess då Vamp opna den nye Kultursalen som ein del av turneen ”Siste stikk”, laurdag. Ein turne som starta nord i Narvik og som skal ende i Kristiansand seinare i haust.

Og vi er imponerte, både over konseptet, samspelet med publikum – og ikkje minst over musikarane som me ikkje kvir oss for å kalla multitalent. Drivkraften er nok framleis Øyvind Staveland som briljerer med kjenslelada spel både på fele, bratsj, trekkspel og fløyter, og Torbjørn Økland har likeeins suveren kontroll både på det store gitarutvalet sitt, mandolin, bouzouki og trompet. Herleg proffe er og Stein Inge Brækhus på trommer og Helge Lilletvedt på tangentinstrument. Men konserten hadde langt i frå vore den same utan lydmann Kenneth Vadseth og Sindre Selvær med sitt lysshow. Og hadde me gløymt vokalist Vidar Johnsen? Slett ikkje. Etter vår meining er han som skapt for dette bandet. Fantastisk.

Konserten inneheld og Vamp-klassikarar som ”Tir n`a noir”, ”Hallo –adjø”, ”Fuglane vett” og ” Ingebjørg”, men òg nye songar som ”Kim du nå va?” som er ei hylling til kvardagen.

– Me er stolte av å få opna dette flotte Kulturhuset. Det er og spesielt å få spela i Kulturhus. Her kjem jo alle, både store og små, og alle slags folk, smiler dei og skryt både av opplegget rundt konserten på Fitjar, og ikkje minst av publikum. –Svært bra, seier dei medan dei skiftar – og hiv innpå nokre snittar av smørbrødfatet som vart servert dei etter konserten, for å få opp blodsukkeret etter utladinga på scena.

Øyvind Staveland (med fiolin) er drivkraften i Vamp, men for nokre folk han har med seg!!
Foto: Håkon C. Hartvedt

Vamp
Amfiet vart fylt opp til siste plass, og vel så det. Foto: Håkon C. Hartvedt