«Alice lengter tilbake» er tittelen på teaterframsyninga i Kultursalen søndag kveld, og lengtar det gjer me òg, etter ei imponerande flott framsyning.

Alt sat som det skulle under dagens premiere på teaterstykket «Alice lengter tilbake», av Tor Åge Bringsværd. Det var eit
ambisiøst prosjekt Fitjar kulturskule drog i gang litt før jul, og desto meir imponerande å gjennomføra på ein nærmast perfekt måte.

Rundt 50 elevar i kulturskulen har førebudd framsyninga i 4 månader, og det er ein svært letta kulturskulerektor, Anne Lene Østvold Jordåen, me snakka med etter framsyninga. – Dette var heilt fantastisk, seier ho, og minner om at det er første gongen kulturskulen set opp ei så stor framsyning. Ho gir æra til danselærar Jorunn G. Whittaker, dramalærar Torill Berger Falk, mange hjelpsame foreldre, og – ikkje minst – dei 50 unge aktørane, som heldt fokus gjennom heile den glitrande framsyninga.

Og ei glitrande framsyning blei det. Mest imponerande blei me kanskje av regien. Her var det fullt tempo heile vegen, alle visste kva dei skulle gjera, og gjorde det utan å nøla. Imponerande når ein tenkjer på at aktørane er i alderen 5 – 15 år. Og soloprestasjonane stod ikkje noko til atters for regien. Åse Underhaug kledde rolla som Alice, ho imponerte med naturleg opptreden, god diksjon og flott song. Dronning Ingrid Bergesen viste seg akkurat så vond som me ikkje trudde ho kunne vera. Ei imponerande og truverdig tolking av dronninga i denne nei-verda.

Men også dei andre aktørane leverte varene, og me stemmer i med ein takknemleg ordførar, Wenche Tislevoll, som seier JA JA JA – dette kan me gjera igjen! Rundt 220 billettar blei selde til premieren i kveld, og tysdag er det ny framsyning. La ikkje sjansen gå frå deg – me lengtar allereie tilbake!

esteroides online