Maria Synnøve Toskedal Koløen som forteljar/Kavring og Selma N. Hollund som den unge Kavring. Foto: Helga Rimmereid

Strålande spel

Strålande flott skodespel, fantastiske kulissar, flinke dansarar, flott musikk og ein spennande historie gav ei svært god teateroppleving for dei frammøtte under premieren på Brødrene Løvehjerte i kultursalen torsdag kveld.

  
Dei små duene Aurora Skumsnes, Helena S. Røyrøy, Josefine Brenne, Sissel Andersen og Julia Blicharski leia av den store dua Kajsa Joelsson opna teaterframsyninga med ein flott dans. Foto: Helga Rimmereid

Det er Fitjar kulturskule,  med 42 kulturskuleelevar under kunstnerisk leiinga av Torill Berger Falk, som i desse dagar set opp teaterframsyninga Brødrene Løvehjerte, basert på boka med same namn av Astrid Lindgren. Ei spennande forteljing om søskenkjærleik, sjukdom og død, vennskap, vondskap, samhald og forræderi. Ein kamp mellom det gode og det vonde. For mykje av handlinga og korleis det endar bør ein kanskje ikkje røpa enno. Premieren, for ein godt fylt kultursal, var torsdag kveld, men det står att to framsyningar, ein på fredag og ein laurdag-kveld denne veka. 


Dei to brørne Karl (Selma N. Hollund) og Jonatan (Victoria Bergesen) har kome til Nagijala, landet etter døden, og treff dei andre innbyggjarane i Kirsebærdalen på vertshuset Gullhanen. Foto: Helga Rimmereid

Maria Synnøve T. Koløen batt forteljinga saman som forteljarstemma til Karl Løvehjerte, og kalla Kavring. Dette var ho god på, og hennar forteljarmåte og innleving gjorde historia verkeleg for oss. Som Kavring imponerte Selma N. Hollund. Eit stort skodespelar-talent som fekk oss til å leva oss inn i alle kjenslene til litle Kavring, frå glede til redsle og sorg og til slutt stort mot. Rolla som den alltid modige storebroren Jonathan var det Victoria Bergesen som hadde. Ho var like stødig som Jonatan sjølv, med mange og lange replikkar som ho hadde full kontroll på. Vel har ho vore med på mange framsyningar før og var med sine 17 år den eldste på scenen, men det var uansett svært imponerande.

Ida Taranger Alvsvåg fylte rolla som Sofia på ein trygg og roleg, men bestemt,  måte, slik me kjenner due-eigaren Sofia frå boka. Eli Inntveit hadde både rolla som lærarinna som gav Jonatan tilnamnet Løvehjerte, og Jossi, og kalla Gullhanen og som me ikkje skal røpa så mykje meir om her og no. Ein anna sentral person i Kirsebærdalen var Hubert, spela av Anna Lousia Seddon, og Orvar som me først møter når Kavring kjem til den mørke Klungerdalen.  Orvar, i Thea Træet sin skikkelese, er fanga i Katlahola og tenkt som dragemat. I Klungerdalen møter me og den snille «farfaren» Mattias spela av Lena Grimen. Alle truverdige skikkelsar.  

Innimellom scenane frå det gode livet i Kirsebærdalen dansa det nydelege små og store duer. Det var danseelevane Amalie S. Skålevik, Anine M. Solbakken, Emilie Maraas, Kajsa Joelsson, Linnea Stokken, Olava Devik, Olivia Jackiewicz, Tori Torbjørnsen, Aurora S. Skålevik, Helena S. Røyrøy, Josefine Brenne, Julia Blicharski og Sissel Andersen. Dei yngste var knappe 6 år gamle, så aldersspennet på scenen var stort.  


I Klungerdalen var det den vonde Tengil (Christina R. Koløen) og hans menn som rådde. Foto: Helga Rimmereid

Det var mykje fryd og glede, men og mørke og vondskap. Vondskapen stod  Tengil, i Christina Ringheim Koløen, sin skikkelse, for. Dei eldste danseelevane Anna H. Nesbø, Mathilde Ø. Kloster, Sarah Rimmereid, Gabriela Bolczynska, Hanna K. Vestbøstad, Hanne Inntveit, Irmelin Havn, Mathea O. Vik og Regine Haukeland, saman med teaterelevane Jennifer Helland, Thea Træet og Sunniva Vik var skumle tengil-soldatar. Soldatane kjempa for den ondskapsfulle herskaren Tengil og det toppa seg til slutt i ein spennande sloss-scene, som me sjølvsagt ikkje skal sei noko om utfallet av.


Ole Andre Stokken og Helene Eiken stod for fin musikk i versthuset Gullhanen. Foto: Helga Rimmereid

Men det var ikkje berre teater- og danseelevar som var i sving. Ole Andre Stokken på gitar og Helene Eiken på fløyte stod mellom anna for musikken på vertshuset. Både Eline Fitjar Hjelle, Sofie Rimmereid og Celine Marie Borup spelte piano, og Lina Rydland spelte gitar. Dei sistnemnde bak sceneteppet, så me såg dei ikkje, men høyrde den fine musikken som forsterka historia. Songelevane Nora Marie Hellesund, Hanan Ahmed, Mia Volden og Thea Træet var skjulte koristar. Songen og musikken var av nyare dato og var lagt inn i stykket av den lokale regissør.  Det var eit svært positivt tilskot som fekk inkludert fleire av kulturskulen sine mange elevar. Og i tillegg til det har kunstelevane delteke med maling av kulissar. Med andre ord eit skikkeleg samarabeidsprosjekt der dei fleste «sjangrane» innan kulturskulen var med.

I tillegg til  regissør Torill Berger Falk som underviser i teater/drama og visuelle kunstfag i kulturskulen og som har gjort ein formidabel jobb med førebuinga av framsyning, var danselærar Madel Carlsen med som koreograf og kulturskulerektor Håvard Kroka stod som produsent, medan Rune Nesse, som underviser slagverk, styrte lydspakane. Simon Alsvåg var leigd inn til å styra lys. 


Ordførar Wenche Tislevoll var med og delte ut roser til dei flinke skodespelarane, musikarane og dansarane. Foto: Helga Rimmereid

Me veit det ligg mykje arbeid bak ei slik oppsetting. 1,5 time framsyning krev sitt, av både kulturskuleelevar og lærarar. Så visste heldigvis foreldre, familie og venner å setja pris på det med å møta opp, og både kulturskulerektoren, skulesjefen og ordføraren var på plass for å få med seg teaterstykket og å rosa elevar og lærarar og å gje alle ei svært så velfortent rosa etter vel gjennomført premiere. «No håpe eg dåke går heim og e» skikkeli» stolte øve dåke sjøl, for da har dåke all grunn te» !», sa ein rørt rektor, som og takka dei mange foreldra som har hjelpt til for å få dette til. 

No ventar to framsyningar til, før dei unge musikarane, skodespelarane og dansarane kan kvila på laurbæra ei stund. Og så kjem det nok nye utfordringar ganske snart, og forhåpentlegvis nye oppsettingar. Det er kjekt å vera publikum på slike framsyningar og med gledde oss storleg over meistringssgleda me kunne sjå hos alle som deltok. Ikkje rart ein på bakre rad utbraut: Neste år vil eg og vera med !


Kulturskulerektor Håvard Kroka takka alle som hadde delteke under førebuinga og gjennomføringa av teaterstykket Brødrene Løvehjerte. Foto: Helga Rimmereid

Meir om handlinga i stykket og førebuinga til framsyninga kan ein lesa her

stress dose steroids