70 stykkjer frå Fitjar søndagsskule var på avsluttingstur til Øvrebygda. Ungane, søndagsskuleleiarane, foreldre og besteforeldre strålte om kapp med sola.

Turen starta med ei kort søndagsskulesamling inne på Øvrebygda bedehus. Det vart tent lys, sunge og Torunn Aarskog fortalde levande om Peter som sat i fengsel og som vart satt fri om natta av ein engel.

Etter samlinga inne var det ut for å grilla og leika. Då dei fleste var ferdig med middagen var det klart for sporleik. Løypa gjekk innover skogsvegen bak skulen. Her var det mange spennande oppgåver å løysa og kjekke aktivitetar å konkurrera i.  Det var Kims leik, stafett, pilkast, førstehjelp-stasjon og mykje meir. Både små og store såg ut til å kosa seg, og mange uttrykte at det var ei kjekk og variert løypa. Nokon syns opplevingane var viktigast, hos andre var konkurranseinnstinket svært tydeleg, slik som hos vinnarlaget som bestod av Ingvild Oma, Guro Rimmereid, Marita Nilsen og Ingvild Prestbø. Dei hadde full pott på dei fleste stasjonane og stakk av med ein twistpose i premie.

Til slutt var det ei kort samling der alle som har vore med på søndagsskulen dette året, og andre som var med på turen, fekk kvar sin "premie". Dei største som har gått i Bibelgjengen, og 3.  klassingane som skal opp i Bibelgjengen til hausten, fekk kvar sitt W.W.J.D.-armband. Alle dei andre ungane fekk kvar sin flotte matboks med bilde av den store fiskefangsten.

No tar søndagsskulen på Fitjar bedehus ein lang ferie, og ynksjer alle ein god sommar! Oppstarten til hausten vert markert med søndagsskulens dag 7. september. Den dagen vert det først gudsteneste i kyrkja og så aktivitetar og matsal på bedehuset.

Yoel Romero steroids