Bilcrossførar Oliver André Matre debuterte i seniorklassen under sesongopninga i Vikedal i dag med andreplass, berre millimetrar frå sigeren.

Det er naturlegvis ein strålande fornøgd Oliver me har på tråden frå Vikedal laurdag kveld. Han gjorde knallsuksess i sitt aller første løp i seniorklassen, og det måtte målfoto til for å gi sigeren til bergensaren Torbjørn Veland.

Oliver fortel at han leia A-finalen heilt til siste sving. Han tok alternativsporet i siste runden. – Det er vanlegvis det beste når du leiar løpet, seier mentor Ole Vidar Helland. Men denne gongen var det kanskje ikkje det for Oliver. I alle høve kom bergensaren på han og slo han med ei støytfangarbreidd, eller kanskje endå mindre. I alle høve var ikkje resutatet klart før måldommaren hadde sagt sitt.

No er sjølvsagt ein debut med andreplass i seniorklassen eit strålande resultat for Oliver. Dermed har han fått ein flying start på livet som senior, og eit godt utgangspunkt i NMK Vikedal Cup og Vestlandsmeisterskapen. Men det var på hengjande håret at han nådde A-finalen i det heile. Etter siger i første innleiingsheat og tredjeplass i heat nummer to låste girkassen seg i 2. gir på slutten av 3. innleiingsheatet. Oliver kjempa seg inn til ein ny førsteplass, men fekk ei særs dramatisk økt med å gjera VW-bobla klar til finalen.

Terje Heggøy og andre gode hjelparar i depotet kasta seg over bobla. Dei måtte ta ut motoren og girkassen og opna denne for å få han ut av 2. gir.

– Det var sikkert fem-seks personar i arbeid på bilen på ein gong, fortel Oliver til Fitjarposten.

Heldige og dyktige var dei som fekk han på startstreken til ein knalldebut i seniorklassen.

Dei andre bilcrossførarane frå Fitjar Racing Team har ikkje like mykje å skriva heim om i kveld. Ein dag med tekniske problem og anna plunder gav ingen pokalar verken til Jonas Lønning, Håvard Dalen eller Gisle Aarbø. For Håvard Helland i rallycross blei det derimot ein god dag, med andreplass bak Lars Reidar Frøyland i A-finalen.

I morgon er det fleire løp og nye sjansar til meir sølvtøy for den fyldige Fitjar-kontingenten i Vikedal.