Kyrkjelyden sin årlege weekend til Myrkdalen var ein stor suksess, og 90 små og store frå Fitjar koste seg i sola og snøen 3 dagar til ende.

Dette var den femte gongen at soknerådet inviterte til ein slik tur, og påmeldingane strøymde på med ein gong ein opna for det. Det kunne sjå ut som ikkje alle fekk vera med, men til slutt kunne turkomiteen gle alle på lista med plass.

Dei ivrigaste reiste oppover allereie tidleg fredag morgon, og så seig det på utover heile dagen, til alle var på plass til ein god kveldsmat klokka halv åtte.

Det var duka for ei kjekk helg med god mat for både kropp og sjel og mykje frisk luft. Sola skein frå skyfri himmel alle dagane, og temperaturen var god og mild.

Sjølv om me aldri før har sett indremisjonsleirstaden i Myrkdalen med så lite snø på denne tida, var det meir enn nok å boltra seg i rett utanfor døra, både på akebrett, alpin og langrenn.

Det var noko for ein kvar smak. Dei mest bedagelege nytte snøen og solstrålane frå campingstolen. Andre akte eller rann på langrenn.

For dei som likar å slappa av i oppoverbakkane låg Voss fjellandsby med stort alpinanlegg rett ved, og det eine skitrekket låg rett utanfor døra til internatet. Her kunne ein kosa seg i barnetrekket eller i  nokon av dei andre løypene i ulike vanskegrader.

Andre likte seg best på langrenn og gjekk i opptrakka spor i lysløypa eller laga sine eigne spor på fjellet.

Det var kun 10 minuttar å køyra opp til Vikafjellet der uendelege snødekte vidder låg å venta på dei som ville dit. Dei aller sprekaste og ivrigaste gjekk på ski til toppar på 1500 meter over havet.

Om kveldane og om føremiddagane var det ulike samlingar, spekka med sosiale aktivitetar, alvor og humor.

Søndag føremiddag var det familiegudsteneste i kapellet leia av ein prest utan kjole og sokkar. Presten serverte gudstenestedeltakarane skive med nugatti, for å minna om at Jesus møtte vennene sitt svik med omsorg.  Fleire av turdeltakarane deltok aktivt på gudstenesta og ikkje mindre enn 3 ulike spontane kor opptredde med flott song.

Nokre ynskte seg meir allsong, andre fleire dagar på fjellet, nokre at dei hadde brukt litt høgare solfaktor, andre at dei hadde hugsa å ta med kofferten dei hadde pakka klar heima i gangen eller at fleire med lang livserfaring hadde vore med på turen, men stort sett var alle strålande fornøgde med helga!

Ei stor takk til Roald Drønen, Kari Raunholm og Solfrid S. Bø i turkomiteen, og elles alle som deltok og gjorde helga til vårens høgdepunkt for mange.

 

Neste Helgatun-tur vert 1.-3. april 2011,

men det er enno ikkje opna for påmelding til den turen…

 

Klikk på det øverste biletet i høgre marg. Då kjem biletet fram i eit nytt vindauge og i stort format. Ved å bevega musepila til høgre sida av biletet får du opp ei pil og kan bla vidare til dei andre bileta der. Klikk på krysset oppe til høgre på biletet når du vil tilbake til artikkelen.

Blandakor som song under familiegudstenesta søndag føremiddag. Foto: Rune Longfjeld Rimmereid

Mange koste seg i den minste skibakken og naut å bli dradd opp. Foto: Helga Rimmereid

Helgatun og Myrkdalen skisenter sett frå lysløypa. Foto: Helga Rimmereid