Konserten med Brad White og focus quartet på søndag vart ei strålande oppleving.

Brad White er ein artist heilt utanom det vanlege. For det første er han ein pianist av superklasse, noko han ikkje minst viste i ei heilt spesiell framføring av «Since Jesus came into my heart». I tillegg er Brad ein framfrå saxofonist, noko me òg fekk fleire supre døme på.

Som om ikkje det var nok, har Brad eit stemmeregister som er så vidtfemnande at han han kan syngje mannskvartett med seg sjølv – i arrangement med stemmer frå den mørkaste superbass til den lysaste tenor. Utruleg bra. Samstundes  bar han fram ein sterk bodskap om Guds omsorg og hjelp i tøffe situasjonar. 

Mannskvartetten focus quartet skuffa heller ikkje. Det er ikkje mange kvartettar  på våre kantar som syng sørstatsgospel, og kvartetten frå Austevoll gjer det i tillegg svært bra. Me har høyrt dei mange gonger før, men meiner at dei aldri har vore så bra som no. Best likte me «Fill my cup, Lord», men gode, gamle « Eg fann ein uforgjengeleg skatt», er òg stadig velsigna fin å lytta til.

Terje Koløen, som arrangerte konserten i lag med focus quartet, framførte òg eit par songar, noko me syntes han kom greitt i frå, leia av eit vakkert akkompagnement av Brad White.

Alt i alt ei stor oppleving som diverre berre 40 fekk med seg. Her burde det absolutt ha vore fullsett kyrkje.