Fitjar Næringsråd fekk fullklaff då dei  inviterte elevane i 9. og 10. klasse  ved Rimbareid Skule til eigen, lokal yrkesmesse i Fitjar Kultur- og idrettsbygg.

Supert frammøte, gode innlegg frå bedriftene og skulane som deltok, nok av mat og drikke i myldringstida og spennande stands, gjorde at både elevar, foreldre, utstillarar, ordførar og leiar i næringsrådet, Odd Sverre Larsen, var svært nøgd med tiltaket.

-Det var nett slik oppslutnad me håpa på, så  eg er vært nøgd, let det frå næringsrådsformannen. Ordførar Harald Rydland var òg eit einaste stort smil.

-Dette har eg tru på. Så er det berre å vona at det verkeleg fører til at fleire fitjarungdomar kjem heim igjen til bygda, og busett seg her, når dei er ferdige med utdanninga si, seier han.

Klart føremål
For målet med heile samlinga var jo nettopp dette: -Å gjera  fitjarungdomane kjende med kva Fitjar og nærområdet har  by på av spennande arbeidsplassar, og i tillegg få fram at det går veldig greitt å bu i Fitjar og pendla til arbeid i nabokommunane.»

Så langt me kunne vurdere samlinga nådde ein óg fram med denne bodskapen.

(Meir i papirutgåva som kjem på torsdag)