Ingve Andre Strand og Arild Vik, frå Fitjarklubben VHS-Motorsport, leverte begge strålande resultat denne flotte helga. Ingve Andre Strand kjørte Norgescupen i crosskart 650ccm på Krabyskogen motorbane i Gjøvik, og opna med to andreplasser i dei to første innleiande heata. I 3. heat klinka han til med heatsiger, og kvalifiserte seg dermed til 4. startspor i finalen.

Finalen bar preg av spennande fighter, der Ingve Andre var oppe og lukta på både 1 og 2 plassen. Ingve Andre endte til slutt på en flott 3.plass da han passerte målstreken.(Sammenlagtpoeng i Norgescupen så langt, kan interesserte lese på www.bilsport.no sine sider, når poengene blir offentliggjort der.)

Arild Vik har òg hatt ei kjempehelg på banen, både tidsmessig og resultatmessig, i årets rallycross – sommarløp i Vikedal. Rundt 20 bilar stillte til start i Arild sin klasse. Men fitjarbuen dominerte fullstendig, og vann alle fem innleiande heata. Han sette vidare bestetid i samtlige omgangar, uansett klasse!

Alle startar satt som støypt, og Arild leia alle heata frå start til mål, samtidig som tidene ble merkbart forbetra heile helga.

I finalen ble det derfor 1. startspor.

Etter en kanonstart, var det ingenting dei fem andre finalebilane kunne gjere med Arild, ettersom han bare drog lenger og lenger i frå.

Etter løpet var Arild strålande førnøgd med sin eigen køyring, og takka resten av teamet for kjempeinnsats, etter at dei hadde jobba mykje med bilen sine køyreeigenskapar den siste veka.

Sigmund Lutsi og Lars Reidar Frøyland fra NMK Vikedal kom på henholdvis 2. og 3. plass. Resultater fra resten av løpet kommer på siden : www.nmk-vikedal.net

(Ellers var det ikke mindre enn 9 stk. fra NMK Vikedal, (Arild Vik`s hjemmeklubb) som var på pallen.

(Foto : Elisabeth Vågen & Harald Heggøy)