Sjeldan har ramma rundt arrangementet vore flottare enn ho vart under årets Hatlevikbasar, laurdag. Når plassen syner seg fram med fantastisk flott temperatur, sol  – og ein svalande bris, er det ikkje mange plassar som er finare å vere på enn nettopp her,  i Fitjarøyane.

Så strøymde då òg folk til. Med småbåtar, kuttaren "Gå på", Westamaran frå Sagvåg og Betelskipet "Elieser". Og frå Ryfylke kom 40 med skyssbåt. -Årets høgdepunkt, hevda dei.

Spesielt idyllisk vart det i strandkanten, på denne vakre plassen på Ålforo, der båtane etter kvart låg tett i tett, med Betelskipet  "Elieser 6" inst mot "kaien til Geir Mikkelson". Snart vart det òg som små maurtuer av folk som fann seg plassar på knauser og knatter ved det gamle bedehuset, som gjennom åra har vore motiv for så mang ein basar-reportasje.

Arrangementsgjengen med Salamon og Rasmus Hatlevik, konene deira, og ei rekkje andre frivillige, hadde allereie vore på plass og lagt til rette, før folk seig på utover føremiddagen. Det hadde òg lydfolka som  sytte for at alle fekk med seg både det som vart sagt og sunge. For sjølvsagt var det song. Med "Lovsangsbrørne" frå Stord, ved Sissi og Johannes Kringlebotn frå Etne – og ved ei komp-gruppe, samansett av lokale musikarar frå Stord og Fitjar.

Gevinstar mangla det, som vanleg, heller ikkje på. Både sjømannskista, fyrlykta, gyngestolen, tretønnene, teinene og rokken, stod, som seg hør og bør, utstilt framom bedehuset denne gongen òg. Størst sum, og høgast tilslag, kom derimot på eit heilt spesielt glasbord som hadde ein nydeleg handlaga robåt hengjande under seg. Det gjekk for 16 000 kroner.

Denne gongen var òg biskop Ole D, Hagesærther til stades. For første gong. Han var full av lovord over denne spesielle opplevinga. -Dette ville eg ikkje ha vore foruten. Og skulle eg ha skrive ein memorarbok frå mi bispetid, skulle eit kapittel handla om denne dagen, sa han, og delte også eit Gudsord med folket.

-Hugs at de aldri er gløymde av Gud, uansett. Om du har kome langt på avstand, og trur at Gud har gløymt deg, eller ikkje vil ha noko med deg å gjere lenger, er det ikkje slik. Du er framleis velkomen heim!, sa han mellom anna.