Folkefesten til hylling av vår verdsmeister i kokkekunst vart verkeleg den folkefesten me hadde håpa på. Og Geir Skeie var strålande nøgd, og takksam, for heile opplegget.

Folk vart møtt med spennande kanapèar og cider, servert av kokkelevar på Fitjar Vgs. Kanapear som kom «mest frå alle stader i bygda», og  det var meir enn nok til alle.

Dei fleste fann, etter dette, snart turen inn i foajeen, der ein biletpresentasjon med bilete frå Bocuse d`Or i Lyon gjekk non-stop, medan Geir signerte kokkehattar. Og det var snart kø rundt bordet der han sat.

I det heile vart det svært mykje folk rundt kulturhuset vårt i dag. Ei avis har nemnt på 400, men me trur me lett kan doble dette talet. Alle var jo ikkje på same plass heile tida.

Spennande var det både med kakekåringa og kokkekampen ( sjå eigne artiklar), og ikkje minst for 11 år gamle Sverre Fangel Brekke som er ein stor fan av Geir Skeie, og som forlengst har bestemt seg for å bli kokk han òg. – Berre kos deg på kjøkkenet, fortsett å laga mat, og ha det gøy, var rådet han fekk med seg av meisteren. For 11-åringen er godt i gang, og lager, i følgje foreldra, både marsipankaker og middag, for å nemne noko. Han hadde òg levert inn kake til konkurransen.

Osternes Mannskor hadde vidare laga til eit svært artig tablå rundt «Spiseseddel» som dei framførte på ein utruleg artig og spenstig måte.

Etter aktivitetane var det lunsj, med Geir Skeie og familien hans, som heidersgjester på Fitjar vgs.
Her diska kokkane Ola Dahl Andresen, Odd Einar Tufteland og Margareth Tislevoll, med mange medhjelparar, opp med ein Sunnhordlandsmeny i særklasse, beståande av mykje spennande sjømat, villsau og hjort.

Og både Ola dahl Andersen og Odd Einar Tufteland var fulle av lovord for dei matressursane som er å finna rette utanfor stovedøra her. -Dette er noko folk i store byar berre kan misunna oss!, understreka dei begge.

Igjen eit solid opplegg som Fitjar vgs, og ikkje minst komiteen: Ole Bergesen, Ronald Hareide, Odd Bondevik og Margareth Tislevoll, har all ære av.

Meir om folkefesten i andre medier:

Verdensmeister heim til Fitjar (Nett-TV – Sunnhordland.no)

Fitjar hylla meisterkokken (bt.no/lokallokal/sunnhordland)

 

reddit steroids