Mykje folk var i sentrum då barnetoget, tradisjonen tru, marsjerte ut frå Rådhusplassen kl. 10.00 i dag tidleg, etter ein flott tale, skriven av 7. klassingane Julie Gloppen og Hanne Tveita, og framført av sistnemnde og Solveig Fitjar.

Ser ein landet under eitt, fekk me ein super 17. mai her i Fitjar, med tradisjonelt Fitjar-17.mai-vêr, med nordavind og sol.

Flott var det at så mange av borna stilte med flagg, og "17. mai-klasseropa" deira runga gjennom heile ruta. Kjempebra! Sjeldan har barnetoget vore betre.

Meir 17. mai-stoff seinare.

Lesarbileta er òg i ferd med å strøyma inn. Flotte bilete.