Foreldre og besteforeldre var spesielt invitert, men mange andre kom òg og fylte huset. Rundt 200 samla seg i går til Vennefest på FItjar bedehus. For å ha det sosialt fint, og for å samle inn pengar til fattige born i Kairo. 

Det var Bakken barnehage som stod bak arrangementet. Dei er vennskapsbarnehage med Stefanusbarnehagane som held til på Søppelfjellet i Kairo. Her driv «Midt-Austen si Mor Theresa», Mamma Maggie, eit stort arbeid for å gjere livet så leveleg som mogeleg for dei som bur der.

– Me vart vennskapsbarmehage med desse barnehagane i 2008, og i 2009 var tre tilsette (Tone Henriksen, Else-Beth Bjønvik og Torunn Aarskog) frå Bakken barnehage på vitjing hos dei i Egypt, fortel styrar Torunn Aarskog til fitjarposten.no.

– Borna i Bakken barehage er godt kjend med prosjektet, og har etter kvart fått ei viss forståing for korleis «Stefanus-borna» har det i barnehagane i Egypt, legg ho til.

I går var òg dei små svært aktivt med på å samla inn pengar til sine vener i Egypt, ikkje minst gjennom  framføringa av eit fantastisk flott juletablå. 

Åresal var det òg.

I alt fekk dei inn 21 760 kroner til dette gode føremålet.

 

steroide