Sofie Rimmereid, Eirin M. Oma og Svanhild Vestbøstad.

Mange var samla til ei innhaldsrik gudsteneste i Fitjar kyrkje  sundag føremiddag.

Dei som var i kyrkja idag fekk med seg ei godt planlagt  og gjennomført familiegudsteneste. Soknepresten Olav Oma hadde invitert Babysong og småbarnstreff til å delta og visa fram det dei driv på med. Med flott song av Svanhild Vestbøstad, Eirin M. Oma og Sofie Rimmereid kom mange små barn spelande på maraccas inn i prosesjonen i lag med dåpsfølget. Allereie i starten fekk me ei aning om at dette skulle bli ei spesiell og spennande samling.

Etter nokre enkle barnesonger og barnedåp haldt Olav Oma ei flott preik me utgangspunkt i forteljinga om den fattige enka som gav det litle og einaste ho hadde då ho ofra i tempelet. Han fortalde at han kjende ei som jobba på ein barneheim. Då ho skulle slutta fekk ho ein flott lysestake som avskjedspresang.  På barneheimen var det ein liten treåring som hadde ein liten leikebil som han var veldig glad i. Han pakka inn bilen og gav den til ho som skulle slutta. Då vart ho kjempeglad og sa at det var det finaste ho kunne ha fått. Vidare sa soknepresten at den fattige enka som ofra i tempelet gav nesten alt ho åtte i  staden for å tenkja på seg sjølv. Likeeins gav Gud son sin, det flottaste han hadde, for han var glad i oss. 

Etter preika imponerte Judith Emelie Hageberg med å synga «Den fyrste song», før det vart blåse såpeboblar og dei små ungane på Babysong og småbarnstreff kom fram i koret. Me fekk vera med på ein spennande songstund og fekk sjå korleis song og rørsle skaper glede hos både dei vaksne og dei små barna. To av dei eldste gutane på småbarnstreff, Ståle Vestbøstad og Torbjørn Eiken, var forsongarar. Dei var tøffe og imponerte oss alle.  

Olav Oma var strålande nøgd etter gudstenesta, og fortel til Fitjarposten: «I ei gudsteneste er vi for tida to løna medarbeidarar, organisten og eg. I dag vil eg retta ein stor takk til alle dei gode medarbeidarane som var med og lyfta gudstenesta i dag. Fyrst: Judith Emelie Hageberg som song «Den fyrste song…» nydeleg. Det høyrdest lett, reint og uanstrengt ut. Elles går ein stor takk til dei ansvarlege på Babysong og småbarnstreff. Dei hadde tankar og innspel, til og om gudstenesta på førehand, og dei var delaktige i gjennomføringa av henne. Dei ulike forsongarane som deltok gjennom gudstenesta gav og eit lyft til samlinga i føremiddag. Alle desse kom i tillegg til dei meir faste ulønna medarbeidarane som er med heile vegen, klokkerar, kyrkjevertar, kaffi og saft ansvarlege og kyrkjetenarar. Utan desse hadde gudstenestelivet vore langt fattigare. Takk til alle saman!»

Me er enige med soknepresten og konkluderer med at dette var ei strålande familiegudsteneste!

Sofie Rimmereid, Eirin M. Oma og Svanhild Vestbøstad.