«Da va gøy», strålte to andreklasse-jenter i strutteskjørt og med stjerner i blikket etter sin første dansetime i kulturskulen.

Tysdag ettermiddag starta den etterlengta danseundervisinga i Fitjar kulturskule med fire fullteikna grupper. Danselærar er Jorunn Gravem Whittaker og danseundervisinga skal føregå i speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Grunna arbeid i taket i speilsalen måtte dei første dansetimane vera i kultursalen. Då eg var innom var det ei gruppe på tretten 1. og 2. klassingar som var i sving på dansegolvet saman med Jorunn. Undervisinga skal vera ei blanding av ulike stilartar, og den yngste gruppa starta med ballett, noko som såg ut til å falla i smak hos dei danseglade småskulejentene.

Danselæraren var svært godt nøgd etter dei fire første timane ho hadde på Fitjar. Ho fortel at dei to eldste gruppene starta med jazz medan dei to yngste gruppene starta med ballett. Seinare skal dei og innom andre stilartar. Det var veldig kjekt med fire heilt fulle grupper og eg synes dette var ein kjempestart med mange veldig kjekke og flinke ungar og ungdomar som både var veldig ivrige, høyrde godt etter og gjorde alt så godt dei kunne, strålte Jorunn etter den siste timen. Danselæraren, som opprinneleg kjem frå Dokka og som har budd fleire år i England, har no busett seg på Stord og gler seg allereie til å ta turen til Fitjar igjen neste tysdag for å dansa meir med ungane og ungdomane her. Truleg er det ein del andre og som gler seg til neste tysdag, for det er ikkje berre Jorunn som synes det å dansa er det kjekkaste ein kan gjera på.

Unge føter i flott første posisjon.